fredag 27. februar 2009

Den utrulege raglanjakka



Denne jakka har omsider blitt ferdig, etter litt strikking på diverse offentleg transport og til slutt ein massiv innsats i godstolen til slutt. Jakka er ei gåve til ei venninne med baby (naturleg nok). Garnet er tynn alpakka frå DSA, kjøpt på sal, og eg har no fire nøster igjen av den vesle fangsten min. Eg såg berre fargen på internett, og var litt skuffa då eg pakka opp pakken heime i stua. Det er ikkje heilt min farge, og eg vil neppe lage noko til meg sjølv i dette garnet. Men då kan eg jo lage gåver til små intetanande babyar i staden!

Mønsteret er frå denne sida, The Incredible Custom-Fit Raglan Sweater. Det høyrest jo nesten for godt ut til å vere sant, og eg veit jo framleis ikkje om jakka kjem til å passe. Men strikkeplagg er jo tøyelege, så det går vel bra. Eg tok utgangspunkt i storleik 2 år. Flettene la eg til for å gjere det litt meir interessant; opphavleg skulle mønsteret vere det same som på ullkjolen min, men eg fann fort ut at det gjekk ikkje an å halde på med på ein humpete buss. Eg mista altfor mange masker til at eg orka å styre med det. Uansett, ganske kjekt mønster å vite om, eg er tilhengar av innplotting av tal!





Elles har eg fått meg ei lita boks til å ha knappar i, fann ut det kunne vere kjekt å ha. Posesystemet har sine manglar!



Og så eit lite bilete av kjolen sin noverande tilstand. Litt lenger enn forrige gong, men det er jo eit stykke att. Vel, fordelen med å strikke frå toppen og ned er jo at eg kan prøve han på undervegs, og det er jo litt stas. Det blir ein ganske formstrikka sak, men med så tjukk ull er det kanskje like greitt. Vil helst ikkje ende opp med ein potetsekk. Og så har eg jo eit håp om å klare meg med ti nøster!

7 kommentarar:

mimouna sa...

Jakken ser bra ut den, jeg er veldig glad i raglanfellinger. De er kjempegode under andre klær, ingen vonde sømmer. Litt ubestemmelig farge ja, men det bryr nok ikke babyen seg om. :o) Rart hvor ulike farger er på skjermen og i virkeligheten, men det kunne absolutt vært verre. Likte knappeboksen din!

Ha en god lørdagskveld!

Ilje sa...

Så fint at det er bra for ungane å bruke klede med raglanfelling, det må eg hugse på til framtidige prosjekt!

Det kunne absolutt vore verre ja, og det er jo ikkje slikt at eg ikkje får brukt garnet. Det er jo faktisk bra, for då må eg kjøpe endå meir som eg kan bruke til det eg eigentleg tenkte, nemleg noko til meg sjølv! :) Boksa skal nok bli fylt opp med tid og stunder, akkurat no er det berre ein knapp oppi.

God søndag til deg!

Anlen sa...

Det viktigaste med slike jakker er jo uansett at dei er varme og mjuke:)

Kjolen vert sikkert kjempeflott, det er berre å stå på så vi får sjå resultatet snart!!

Ilje sa...

Ikkje sant! Det er akkurat det. Det er vel litt for foreldra og andre at ein prøvar å gjere det litt fint i tillegg. :)

Eg pustar og pesar meg framover! No er eg nede ved hoftene.

LivM sa...

Jakken ser så myk og god ut. Håper den passer !Lykke til med kjolen!

Ilje sa...

Ja, den er veldig mjuk. Hadde eg berre vore 2 år, så kunne eg brukt ho sjøl ... :)

Og takk for det, det trengs nok! Men eg skal ikkje gi meg. :)

文章 sa...

AV,無碼,a片免費看,自拍貼圖,伊莉,微風論壇,成人聊天室,成人電影,成人文學,成人貼圖區,成人網站,一葉情貼圖片區,色情漫畫,言情小說,情色論壇,臺灣情色網,色情影片,色情,成人影城,080視訊聊天室,a片,A漫,h漫,麗的色遊戲,同志色教館,AV女優,SEX,咆哮小老鼠,85cc免費影片,正妹牆,ut聊天室,豆豆聊天室,聊天室,情色小說,aio,成人,微風成人,做愛,成人貼圖,18成人,嘟嘟成人網,aio交友愛情館,情色文學,色情小說,色情網站,情色,A片下載,嘟嘟情人色網,成人影片,成人圖片,成人文章,成人小說,成人漫畫,視訊聊天室,性愛,自拍,情色論壇,性感影片,正妹