tirsdag 24. mars 2009

Bloggutfordring og daglege utfordringar


Ja, då har eg blitt utfordra av Anlen, så då har eg vel ikkje noko anna val enn å svare som best eg kan!

1. Las du andre sine bloggar før du sjølv byrja å blogge?
Litt sånn av og på. Eg har vore innom nokre vennar sine bloggar i ny og ne, men det var ikkje før eg fann fram til Jared Flood sin blogg at eg starta å leite etter handarbeidsbloggar. Det slo meg rett og slett ikkje at det gjekk an å strikkeblogge også!

2. Kva likar du å blogge om?
Eg prøvar å gjere kvart innlegg iallfall litt strikkerelatert - det er slik eg vil ha det akkurat her. Eg kunne nok plapra i veg om mykje anna rart også, men det får halde med garnsnakk.

3. Kva likar du å lese om i bloggar?
Eg likar bloggar som har eit inspirerande bodskap, anten om livsstil, kunst (som jo strikking er ein del av!) eller helse. Det hjelp også med eit fint design og fine bilete. Eg likar at ting er gjennomtenkte, at ting skal stå i forhald til kvarandre.

4. Kva bloggar les du dagleg?
Eg les nok ikkje bloggar dagleg. Men når eg først kjem i gong, kan det rett nok ta ei stund. Vil gjerne få anbefale Glamourbibliotekaren - her er alt eg ser etter i punkt 3.

5. Favorittbloggar?
Det må nok bli Glamourbibliotekaren, det! Lite strikking, rett nok, men lell! :) Ein og annan strikkegenser snik seg jo inn!


6. Lager du blogginnlegga dine før du skriv dei?
Eg skriv dei rett før eg skal poste. Gjer det ikkje verre enn eg må ...

7. Har du nokon gong ynskt at du var eit dyr? Kva for eitt?
Det gjer eg ikkje akkurat ofte. Men eg ville nok ha vore ein hund, om eg måtte velje.

8. Er “dagens outfit” gøy?
Neppe. Meir komfortabelt og "heilt greitt". Det gøyaste med det er vel strikkesokkane gøymd i støvlettane!

9. Tagg 4 andre bloggar, og skriv kven du har vorte tagga av.

Utfordringa kom altså frå Anlen, og eg vil gje ho vidare til dei som måtte ha lyst til å fortelje om bloggvanane sine! Eg tek gjerne imot tips om andre bloggar som ikkje har med strikking å gjere.

Elles er det mykje å gjere om dagen, altfor mykje. Eg har tre prosjekt gåande, og det kjennest ut som om alle tre står heilt stille. Kjolen blir rett nok lengre og lengre, men omgangane har begynt å bli ganske lange samanlikna med i starten. Eg har laga ein sokk på bussen, men ein sokk er jo ikkje nok, så det må nok bli ein til. Problemet her er at eg må lage eit hasteskjerf til nokon som frys, så det har vore bussprosjektet no i det siste. Imidlertid er no skjerfet blitt altfor langt til at det er praktisk forsvarleg å drasse det med overalt, så då sit eg att med sokken. Men lese må ein jo også, så foreløpig har eg putta ei bok i veska i staden. Det er ikkje akkurat den beste løysinga (å unngå å gjere noko med saka i det heile), men litt pause må ein jo ha! Neste veke løyser det heile seg heldigvis opp, og eg får meir tid til å gjere andre ting enn berre jobb. Eg håpar på ei kald påske så eg kan ha på ullkjolen då!

0 kommentarar: