lørdag 28. mars 2009

Nettbutikk: 123knit



Premien etter to månader med trening var å tinge garn frå 123knit. Eg har høyrt mykje bra om lammeullgarnet derifrå, som skal vere eit meir rimeleg alternativ til garnet frå Nøstebarn om ein tenkjer på å strikke slikt. Butikken er dansk og språket på nettsida er sjølvsagt også dansk, utan at det skal vere noko problem for garnhungrige nordmenn!

Ein veljer først garn utifrå kva type ein vil ha (ull, alpakka, bomull osv), og så får ein då opp ei oversikt over kva for merker dei har innafor det segmentet. Dei har også søkefunksjon om du veit kva du vil ha, men ikkje finn det med ein gong. Dei har også oppskrifter, strikkepinner (her har dei desse Addi-pinnane eg har høyrt så mykje bra om), heklenåler, og diverse sy- og strikkeutstyr.

Det er eg mest nøgd med er prisen i denne butikken. For under dei 200 kronene fekk eg seks nøster (to alpakkanøster på 50 g, tre lammeullsnøster på 100 g og eitt ullnøste på 50 g for å fylle opp ordra mi). Frakt kom på 36 kr. Om ein registrerer seg som kunde kan ein bruke handlekorga som hugse-/ønskjeliste. Det som er negativt er at ein kan berre betale med PayPal, og ikkje VISA. No er jo PayPal veldig enkelt og greitt, men om ein ikkje har det er det jo ikkje så greitt. Det tek nokre dagar å kome i orden med PayPal-kontoen, og ein vil jo helst ha garn så kjapt som mogleg!



E-postkommunikasjonen var bra, med velkomstpost, ordrestadfesting, og to ordreoppdateringar når ordra var under behandling og når ordra var sendt. Garnet fekk heldigvis plass i postkassa heime, og eg har allereie strikka eit skjerf av alpakkagarnet. Ifølgje skjerfbrukaren skal det iallfall vere veldig varmt og godt! Av og til splitta garnet seg ganske lett, men det var ikkje så farleg. Litt av lammeullgarnet har eg etter mykje om og men (sjå floken, type enorm, lenger ned i bloggen) fått nøsta opp så det er klart til bruk, det skal bli kjekt å prøve.

Alt i alt er eg nøgd med butikken, og kjem nok til å tinge meir av lammeullgarnet om eg likar å strikke med det.

2 kommentarar:

LivM sa...

Spennende nytt garn du har fått tak i. Da gjenstår det å lage noe fint av det! Så venter jeg i spenning for å se hva det blir!

Ilje sa...

Laginga er jo det beste, sjølv om det må vere sagt at det er moro å kjøpe også. Eg har planar for litt av det så snart eg blir ferdig med denne kjolen min! :)