lørdag 14. mars 2009

Nettbutikk: eBay


eBay har alt. Med det i mente gjekk eg inn dit for første gong og leita etter ei nøstemaskin. No er det altfor mange nøster i hus som eg må bearbeide før eg kan strikke noko av dei, og eg er ikkje spesielt glad i å gjere slikt for hand. Det tek lang tid, og med tanke på at nesten alt garnet det er snakk om er veldig tynt og endå tynnare, tenkte eg det kunne jo ikkje skade å kikke etter ei maskin som kunne gjere iallfall litt av jobben for meg.

Sjølvsagt fann eg ei. Det vil seie fleire. Eit søk på "ball winder" gjev 41 resultat. Eit av dei er denne maskina til 27 dollar, noko som akkurat går under grensa på 200 kr. (Berre eit tips, altså ... :) )

Og korleis foregår så eit kjøp på eBay? Eg må ærleg innrømme at eg har vore litt skeptisk til eBay før; ein høyrer jo alltids historier om folk som aldri får varene sine og så vidare. Men om ein tek visse forhaldsreglar skal det gå veldig greitt og smertefritt. Det er to måter ein kan kjøpe ting på eBay. Den ene er å by, som i ein auksjon. Den andre er å klikke på "Buy It Now". Fordelen med det siste er at du har ein pris å forhalde deg til, og du veit at når du klikkar, så er det du som får kjøpe gjenstanden. Fordelen med den første er at det kan jo alltids hende du får gjenstanden til ein svinaktig god pris.

Det første ein bør gjere er å opprette ein konto hjå PayPal. Dette tek nokre dagar, fordi du må stadfeste kontoen med eit tal som kjem på kontoutskrifta di. Betaling med PayPal er definitivt sikrast og enklast. Sjå etter "Buyer Protection with PayPal" på seljaren si side, då får du refundert utlegga dine av PayPal om varene ikkje når deg.

Når PayPal er ordna, er saka grei. Registrer deg på eBay, og set i gong!

- Finn det du har lyst til å kjøpe. (Det er vel det absolutt kjekkaste steget!)

- Undersøk varen. Samanlikne med liknande varer og sjå korleis prisnivået er. Spør seljaren om det er noko du lurar på. Sjekk om seljaren tilbyr frakt til Noreg.

- Sjå på tilbakemeldingane som seljaren har fått. 98-100 % positiv respons burde vere veldig trygt.

- Legg inn eit bud eller trykk på "Buy It Now".

- Etter at du har vunne auksjonen eller kjøpt gjenstanden betalar du med PayPal.

- Tråkk opp sti til postkassa og heng over skuldra til postmannen i ei vekes tid.

eBay er veldig lett å skjøne seg på, og det meste av informasjon finn ein lett på sidene. Ein blir heile tida guida gjennom kjøpet, og det skal ikkje vere så lett å tulle seg vekk. Utvalet er enormt, og prisane kan vere veldig fordelaktige på mange ting. Eg har no kjøpt nøstemaskin til litt under 300 kr, ein ansiktskrem til litt over 200 kr (pris i butikk 650 kr) og ein sminkekost frå ID til 55 kr (pris i butikk 250 kr). Alle desse prisane er inkludert frakt. Det seier seg sjølv at det er mykje å spare på forbruksvarer ein uansett ville ha kjøpt, til dømes hudpleie og sminke. Så langt kan eg berre anbefale eBay på det varmaste - det er litt å setje seg inn i i starten, men denne tida er vel brukt.

2 kommentarar:

Anlen sa...

No vart eg frista til å skaffe meg paypal... Må nok sjekke det litt:) Takk for forklaring!

Ilje sa...

Ikkje noko problem! Det er ganske kjekt, altså! :)