søndag 15. mars 2009

Nøstemaskin og "garnvinde"



Då er det på tide å dokumentere nykomaren i huset sin nytteverdi. Nøstemaskina tinga eg altså på eBay av seljaren bambooimporter. Prisen var $27.99, og så kom frakt på $15.00 i tillegg. Eg valde å kjøpe maskina på eBay fordi alle dei norske butikkane eg fann som hadde nøstemaskin var utselde. Eg må nevne at ein kan kjøpe ei nøstemaskin til 199 kr på Hobbymarkedet. Det var litt krøkkete å finne ut frakta her, så eg måtte sende ein e-post og spørre. Då det tok ei stund å få svar, hadde eg ikkje meir tolmod igjen og kjøpte maskina like godt på eBay.

Svaret eg fekk var dette: "Nøstemaskinen kan sendes som småpakke til Kr. 54,00. Er p.t. på tilbud til kr. 199,00.
Da varens værdi er under Norske kr. 200,00 mener jeg ikke der skal betales told og moms i Norge, men det må du få bekræftet på dit lokale posthus. Priserne er egentlig danske kr., men vi kører kampagne til Norge så alle priser på www.terapi-hobby.dk i Norge må forstås som Norske kr."

Dette til orientering! :)

Eg tapte vel då rundt ein femtilapp, noko eg kan leve med. Maskina kom veldig raskt i posten, etter berre fem dagar fekk eg hentelapp i postkassa, og det heilt frå USA.

Sjølvsagt måtte eg rydde kjøkkenbordet og prøve med ein gong! Etter litt surfing på YouTube fann eg ein instruksjonsvideo - bruksanvisning var inkludert i pakken, men eg tenkte det kan umogleg skade å sjå teknikken demonstrert på video også. Så her er metoden eg brukte på mitt første nøste, ledsaga av ei veldig roleg stemme og ei veldig uroleg t-skjorte:





Mitt første nøste tok form, det same gjorde mi meining om nøstemaskiner generelt: eit lite vidunder i plastikk! Eg angrar ingenting, dette var moro. Litt stiv og støl vart eg likevel i den arma som følgde garnet rundt og rundt, og eg heiv meg over datamaskina igjen. Dette måtte jo Ravelry ha eit svar på. Sjølvsagt hadde Ravelry det, og då eg ikkje har tilgong til noko minisnekkerverkstad, landa eg til slutt på denne løysinga.

Som sagt, så gjort. Eg fann fram utstyr ...





... og voilà! Fiks ferdig garnvinde. Litt trøbbel i starten, men dette gjekk mykje fortare enn stolbeinvarianten. Likevel var det ikkje heilt optimalt, så eg festa hårspenner til endane på kleshengarane for å unngå at garnet sklei av. Malabrigo-nøste nummer to var klart, og sjølvtilliten var på topp. Dette var då verkeleg ingen sak!

Eg skulle ha stoppa her. Eg skulle ha sett meg ned i sofaen og avslutta dagens arbeid med litt te og kveldsstrikk, nøgd med det eg hadde oppnådd. Men eg ville ha meir - mykje meir. Utan å tenkje meg om greip eg etter ein av hespene eg fekk same dag frå 123knit, og reiv av magebeltet. Det starta dårleg, og gjekk berre nedover etter det. Etter å ha klipt trådane som heldt saman hespa hadde eg sjølvsagt berre to ender, men dei gjorde mykje av seg. Eg fekk orden på dei etter ei lita stund, og tredde hespa nedover garnvinda (det er herifrå eg gjerne vil nytte hermeteikna rundt dette omgrepet). Det gjekk bra i nokre minutt. Nærare bestemt i 23 gram. Så skjedde det noko.

Før eg visste ordet av det stod eg med eit stort og grønt samansurium i handa og resten av hespa over hovudet, rundt arma, eller drapert rundt hengarane medan eg heiv etter pusten. Det var ingen anna utveg enn å klippe heile stasen tvert av, og dei to endane formerte seg til åtte. Eg starta arbeidet med å surre saman små ballar av endane, før eller seinare må dei jo treffe på den andre ballen, ikkje sant? Men dette er slikt som tek tid. Mykje tid. Og mykje tolmod. Sjeldan har eg vel levd slik opp til bloggnamnet mitt ... Eg er av den sta typen, så eg skal nok nøste ihop mysteriet etter kvart. Men dette er eit arbeid som har stort potensiale til å gjere meg tverr og irritabel, så eg skal prøve å spre det litt utover for å minimere dei negative effektane eg veit kjem til å melde seg. Og tenk berre, på Ravelry er det ei gruppe med folk som likar å løyse opp garnfloker!



(Dette biletet er heldigvis av den ballen eg måtte klippe av!)

Eg har to hesper til av dette garnet, New Zealand lammeull. Det er vel inga overrasking at eg skal vente med dei til den ordentlege garnvinda mi frå eBay kjem i posten? Denne katastrofa fekk meg til å ignorere sparegenet og heller satse på at helseeffekta av lågt blodtrykk vil oppvege for denne eingongskostnaden.

5 kommentarar:

Siena sa...

Hehe, jeg støtter deg! Et hespetre koster lite ift gevinsten spør du meg. Har aldri angret på kjøpet. Lykke til med nytt utstyr!

mono sa...

*fnise*

Snes jeg ser deg med grønt garn *overalt* og klarer ikke slutte le! Sorry! =)

Høres ut som du kommer til å bli veldig glad i radarparet nøstemaskin og garnvinde, ja! =)

Ilje sa...

Siena: Takk for støtte, det blir sikkert endå meir hallelujastemning i huset med hespetreet på plass! Berre nøstemaskina er jo fantastisk i seg sjølv. :) Eg gler meg slik til ho kjem!

Mono: Synd at sambuaren min ikkje var heime og kunne ta bilete av meg der eg stod! :) (Så kunne han brukt det som utpressing: Du hugsar jo kva som skjedde forrige gong du kjøpte garn!) Ikkje heilt bra for humøret, altså - radarparet blir nok uslåelege strikkegadgets i heimen!

Anlen sa...

Slike fancy greier har eg ikkje i heimen... Skulle kanskje vurdert dette:) Men så hadde eg blitt frista til å handle alle typer garn, ikkje sant??

Ilje sa...

Ein treng jo alltid ein god grunn til å kjøpe garn - sjølv om ein må kjøpe grunnen først. ;) Og for ikkje å snakke om husfreden - eg er ikkje særleg snill og hyggeleg når garnet mitt er i floker!