torsdag 28. mai 2009

På tide å vakne!

Oi, no har eg mykje å ta att her! Oppdateringslysta kjem og går litt, men eg hadde ikkje trudd at det skulle bli ei så lang nedeperiode. Etter kvart er ein jo inne i eit sett med vaner som ikkje inkluderer nettet i så stor grad heller, og då blir gjerne bloggen litt mager. Men strikkinga har eg jo ikkje slutta med, så eg får berre lage ein kjempepost med masse bilete denne gongen, og så er det unnagjort. Så no er de herved advara!

Det første eg vil vise fram er sjalet Adamas av Miriam Felton. Eg har strikka det i Malabrigo Lace (som forøvrig er eit heilt herleg mjukt garn!), og er fullstending forelska i grønfargen. Fekk brukt det litt før veret vart altfor varmt, men eg skal nok snike det inn her og der i sommar også. Ikkje det verste ein kan ha over skuldrane ein kjøleg sommarkveld ...











Så er det altså det famøse lammeullgarnet sin tur. Eg fekk jo endeleg surra det ihop til skikkelege nøster, og når eg var komen så langt, gjekk det stort sett veldig greitt etter det. Strikka ein liten babykjole som eg falt slik for då eg såg han: Little sister's dress av Tora Frøseth. Mønsteret var veldig enkelt, perfekt til å vere med i kombinasjonen sofa-tv-pledd-te. Vart veldig nøgd med resultatet, og no er eg på jakt etter ei lita prinsesse til å putte inni!





Det var sjølvsagt meir igjen av garnet som eg kjøpte 200 g av, og ein kveld trengte eg eit raskt lite prosjekt berre for å tilfredsstille eit ønskje om å lage noko handfast, og det litt brennkvikt. Denne lua, Amelia Earhart Aviator Cap av Flor, har eg lenge tenkt på på grunn av den festlege konstruksjonen, og til slutt måtte det jo skje. Ho er nok litt stor til å gå saman med kjolen, og kanskje burde det ha vore ein liten blomst på også, men etter eit opphald i gåveskuffa håpar eg at ho finn ein heim til slutt.





Til slutt er det eit par sokkar som eg stort sett har strikka på bussen. Dette var det første prosjektet eg prøvde dei superkorte bambusstrømpepinnane mine, og eg var veldig nøgd med dei. Eg er ikkje av dei kjappaste når det gjeld å skifte pinne, men det hjalp at dei var litt kortare enn vanleg. No held eg på med eit par med Magic Loop, og det går jo endå fortare, men det kan jo vere greitt å variere litt! :) Det følest som om alle har strikka eit par Jaywalkers, og no er heller ikkje eg noko unntak. Mønsteret er laga av Grumperina og ein kan laste det ned på Ravelry. Garnet er intet mindre enn Wolle Rödel Sport & Strumpfwolle Color Extrastark (puh).







Dett var dett, no har eg ikkje meir i kveld. Eg trur eg får seie meg ferdig med å takke for dei koseleg kommentarane av ullkjolen min - no er det utvilsomt for seint å bruke han, men eg satsar på å halde figuren fram til hausten! Når det er sagt, burde ikkje planen for i kveld involvere te og kjeks, men strikkaplagg er jo i det minste litt elastiske ...

8 kommentarar:

Turid sa...

Oi, så mye fint du strikker og for noen fine farger! Liker de "jordfargene" du har brukt. Følger bloggen din, da jeg syns den var veldig fin og inspirende.

Bodil sa...

Takk for kommentar i bloggen min. Her var det mykje flott:) Superfint sjal du har strikka.)

Anlen sa...

Her var det mykje fint! Eg vart frista til både det eine og det andre:)

Kanskje eit sjal til sommarkveldane ikkje er så dumt?

Elins Strikkeri sa...

Her var det mykje flott på ein gong, sjalet var nydelig og vert nok godt å ta over skuldrene ein sommarkveld!! Ein fin pinse til deg:)

LivM sa...

For et nydelig sjal du har strikket. Flott kjole og sokker også. Ønsker deg en riktig god pinse!

Ilje sa...

Turid: Tusen takk, det var hyggeleg å høyre! Eg er veldig glad i jordfargar, der avslørte du meg! :) Kjøper stort sett garn pga farge ...

Bodil: Takk for det. :) Sjalet må nok vere eit av dei prosjekta eg er mest nøgd med (i alle fall eit av dei som tok lengst tid!).

Anlen: Det er ikkje så verst med freistingar av og til - og i alle fall ikkje når det kan føre til eit sjal!

Elin: Tusen takk, eg får prøve å halde meg vaken lenge nok til at eg kan forsvare den ekstra påkledinga. :) Ha ei god pinse du også!

Liv: Tusen takk for det! Men det blir nok ei stund til eg får laga like mange flotte sjal som du har produsert! God pinse til deg også! :)

mimouna sa...

Flotte ting og lekre bilder. Og ja, det er lett å se hvilke farger du foretrekker. ;o)

Ønsker deg en god helg.

Tn sa...

Your article has so many useful information,and so attractive design.I am very like this.Online Store,everyone like to buy yourself lovely and comfortable shoes or clothes.Unique design bag,I think in our country this kind of design is so little.Right?hah!!Why don't you try our new design puma shoes on sale shoes?It has high protect function,and also make your feet feels very comfortable.In our store, nike nz shox has a large discount activity online,already attracted so many customers attention.If you like them,you must hurry action to choose them.At the same time,uinque design and perfect appearance puma future cat now hot selling online.I hope we can learn each other.